Jorunn Veiteberg, Dr. Phil, og kunsthistoriker, Norge

 

Bergen, den 24. august 2011

 

 

Anbefaling av Marit Benthe Norheim, kunsthistoriker, dr. philos Jorunn Veiteberg

 

Som utstillingsleiar på Hordadaland Kunstsenter i Bergen på 1980-talet fekk eg gleda av å arrangera Marit Benthe Norheim si første separatutstilling, Mellom kamp og dans, i 1986. Sidan har eg følgd hennar kunstnaskap tett.

På den tida var ho framleis student på Royal Academy of Arts i London, og ei ny og annleis „stemme“ i norsk skulptur. Hennar figurar trekte vekslar på andre stilistiske tradisjonar enn den klassiske som framleis blei dyrka av mange norske bildehoggarar. Dette blei også positivt lagt merke til i fagmiljøet m.a. av kritikaren Harald Flor i Dabladet. Men noko av det som gjer at eg aldri vil gløyma denne utstillinga, handlar om det publikummet som kom og såg den. Menneske som aldri hadde vore på ei utstilling før, men som hadde møtt kunstnaren i ein togkupé eller budde i hennar nabolag, strøymde til. Det fortalte om ei sjeldan evne til å kommunisera med alle slags folk, og denne kontaktskapande evna er noko Marit Benthe Norheim seinare har brukt aktivt i sin kunst. Fleire av hennar største offentlege oppdrag som skulpturen Rottejomfruen i Skien (2006) og Campingkvinner, som ho laga til Europeisk Kulturby Stavanger (2008), har dirkete involvert barn, ungdomar, flyktningekvinner og venner. Dei har bidratt med foto, forteljingar og figurar i glas og keramikk som ho så har brukt som kollasjelement. Eg er blitt både rørt og tankefull over å sjå den byrgskapen og eigarforholdet dette skapar til skulpturane hos brukarane, og det representerer ein dimensjon som eg synest er eit viktig aspekt ved diskusjonar om kunst i det offentlege rom.

 

Mange av Marit Benthe Norheims sine monumentale skulpturar er mobile. Campingkvinnene er bygde over campingvogner og har difor køyrt vidt omkring frå Finmark i Nord, til Island i vest og Danmark i sør. Det er kunst som henvender seg til folk der folk er, og som tar opp eksistensielle og humanistiske tema som aldri går av moten. Når ho no vil gjera ein ny serie mobile skulpturer, men denne gongen i form av siglande figurar (Lifeboats), så representerer det ei teknisk og kunstnarleg utfordring av store dimensjonar. Eg er ikkje i tvil om at Marit Benthe Norheim vil kunne løysa denne oppgåva. Den representerer den typen draumar som ein ønskjer vil bli realisert, og difor håpar eg at ho vil få den økonomiske støtta ho no søkjer om.

 

 

Jorunn Veiteberg

Professor, Kunsthøgskolen i Bergen